fredag, mars 20, 2009

Vennar.

Har hatt ein aldeles fin dag i sola med mi kjære Britt og den nye yngelen vår; ein søt liten bylt ved namn Malin. Malin er vel ca. 6 veker gammal no, og liknar pappaen sin på ein prikk! Då vi satt ved Johanneskyrkja å samla fregner, drakk kaffi og åt kviklunsj, funderte vi over korleis vi forsatt heng saman som erteris etter å ha kjendt kvarandre ca. heile livet. Frå dei tider då Britt ringde på døra mi kvar dag gjennom heile sommaren-"Ska eg vææære me deg?", til fyllefanteri- festar og krangling over at vi var forelska i den samme typen. Kjærleikssorg, tap over familiemedlemmar og krangling so busta fauk over kven som skulle ha den finaste barbidukka.

No, når vi begge har på ein måte gått inn i "dei-voksne-si-verd" er forsatt vennskapet på same måte som det alltid har vore:) Bortsett frå at no har visse av oss formeira seg litt til ca. to ekstra. Og vi begge har fått to staute menn som står ved vår side. Vi har fått "voksne" jobba, og tjena våre eigne penga. Men kjenne vi ekstra etter, er vi forsatt dei små frekke jentene som satt med skrubbsår på knea ned på veien, speida etter guttane og hadde dei beste ukompliserte varme sommarane du kan tenke deg......

Ingen kommentarer: