tysdag, mars 03, 2009

Vår i Bergen.

Når derimot Oslo klaga over store snøv mengder, kan vi herifrå Bergen melde om vår, bare vegar og til tider sol. Har dei siste to dagane vakna opp til noko lyst som skin inn soveromsglaset!
Og det kjennest godt ut at vi ikkje berre i teorien veit at det går mot lysare tider, men at vi ser det skjer i prakis óg. Ironisk nok tek eg flyet til Oslo i måra for å vere ei veke med systene.

Har fått reisebrev frå min kjære i India. Han kan fortelle om luksushotell med tjenara, timar på stranda i solsteiken og eksotisk mat. Trur nok ikkje det blir berre jobbing på desse karane nei;) Misunneleg? Nei, ikkje i det HEILE! ok, litt då:)

Ellers har eg funne ut eg skal friske oppatt litt allmennkunnskapar. No har eg med godt mot satt meg til rette i sofaen med ein bunke av desse korta som finnast i spørrespel:) hih...Ikkje TP, men eit liknande som heite bezzerwizzer. Til no har eg komen meg gjennom 11-12 kort. phu, ca. berre 579 igjen då.......

1 kommentar:

Mari sa...

Håpar du har pakka med deg broddar til Oslo for her er det is på alle fortau!