onsdag, oktober 06, 2010

Springe i regnet.


Nok er nok. No skal det springast! Etter ei litt slapp periode med trening er det på tide å piske kroppen sin til "blods" igjen (mentalt sett vertfall).
Motivasjonen er ikkje akkurat på topp når eg kjem heim frå jobb i sju tida. Då har kroppen eigentleg berre lyst å krølle seg inn i eit teppe, ete sjokolade og sjå smørmjuke filmar på tv. Men kroppen veit ikkje sitt eige beste.


I går var eg mentalt forbreid på at eg skulle ta meg ein springetur etter jobb. Og uansett kva dårlege unskyldningar tankane måtte komme med skulle springeskoa på. Det funka som faen det.


Sjølvsagt er dei fyrste minutta eit helvete. Kroppen er kald, stiv og ropar berre om at eg må stoppe. "Vel, er det eg eller du som bestemme!" sa eg til kroppen min. Og vi kom til einigheit om at det er eg som er sjefen.


Ute var det mørkt, det regna sidelengst og blada som fall i går laga sleipe små feller på vegen. Men etterkvart som eg nærma meg Lungårdsvatnet kom god-følelsen. Det bles skikkelig kraftig- ikkje av den kalde harde sure vinden, men ein mjuk fønvind. Då kom eg på at eg eigentleg likar å springe i mørket, for verda er ikkje så stressande då. Det kjennast nesten ut som eg er i mi eiga lisje boble. 


Då eg nærma meg enden av brannstasjonen kunne eg snuse inn bållukt, for der satt ei gruppe med mennesker som hadde laga tre små bål på ei slags mini strand som ligg langs vatnet. "hm" tenkte eg. Det var kanskje ein litt rar ting å gjere no som det bles så mykje. Men drøymane kræsja fornufta då eg såg dei hadde kontroll, og eg smilte for meg sjølv der eg raudsprengt passerte dei.


Etter ei lita stund starta det sjølvsagt å regne kraftig. Men herremin, eg har gløymt kor forfriskande det er å springe i regnet. Det er faktisk ein av mine favorittsysselar. Og eg lyg ikkje, for det står i beskrivinga av bloggen min. 


Den historia her har eigentleg ingen høgdepunkt. Ikkje anna enn at eg ville fortelle kor godt det i grunn er å springe i regnet. Vinden som piskar deg kraftig i andletet, og sjøsprøyten som kastar forfriskane dråpar av saltvatten på ein svett kropp.


No gjeld det berre å oppretthalde den gode "flowen". For eg nektar at kroppen skal bli eldre. Sånn er det med den saken.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du e svinaktig fink! Eg blir veldig imponert over kor dyktig du e å trene! Eg gikk en liten tur i regnet i går, og eg e heilt enig,-det E kjekt når en berre e komt igang.
So i dag skal eg prøve å ta meg en tur på sats. Prøve å piske meg litt i ekte" Jeanette style"

Stine

Mari sa...

ja, huff. skulle ha begynt å springe eg òg... Kanskje neste veke...