måndag, juni 12, 2006


Fyrste dag på jobb...

Jaja, då va eg i gong. Kom heim frå Bergen i går, og i dag hadde eg min fyrste dag på jobb. Hotellet såg ut akkurat sånn eg huska det. Forsatt va det like travelt. Og forsatt vart eg like lei på slutten av dagen som eg alltid har vore. Kjekt å sjå igen alle dei gode gamle! Nokon gamle var erstatta me nye. Kokka vart forundra over å sjå meg att. " ALDRI meir!" hadde eg visst sagt i fjor. Vi kom fram til at det har eg igrunnen sagt kvart einaste år. Vaktmeisteren meinte eg sikkert kom til å "gå igjen" på hotellet, då eg sa at det vart ikkje riktig sommar utan at eg har jobba på hotellet. Det kan jo godt hende.

Uansett. Kjølsdalen e avslappande... Veit liksom ikkje heilt ka eg ska ta meg til når eg e ferdig på jobb. Litt uvaneleg å ikkje ha mas og kjas rundt seg. Eg må på ein måte venne meg til att på nytt å ikkje kunne springe ut døra for å gå på rimien, ikkje kunne gå på cafe når eg måtte ønske det, og ikkje ha venna rundt meg til alle døgnets tider. Men på same tid veldig godt og befriandes!

I stad va eg ned på grava for å besøke og vatne min kjære bestefar. Der fekk eg litt av eit sjokk. Mamma hadde forbreida meg på det utan hell. På nedsida av kyrkja, der alle dei eldste gravene ligg, hadde dei faktisk tatt vekk alle gravsteinane. Området der det hadde stått minst 50 graver var no ein stor moldhaug. Grunnen til dette makabre "fritidssysselet" var at dei trengde å legge mold på toppen av all leira som var i dette området. Leira gjer nemmelig at rotningsprosessen tek mykje lenger tid. Og dette resultera i at når dei gamle gravene er "utgått" på dato, og der skal leggast nye oppat på der igjen, kan dei vere så uheldige å støte på likrestar.... usj...

Gravsteinane ska visst på plass att igjen, både oldemor og oldefar!godt e no det. Håpe berre dei har laga ei god skisse på kvar dei forskjellige låg hen..... blir litt trist om Olina Hatlegjerde plutselig skulle fått gravstøtta til Josefine Sundal.. osv....

Ingen kommentarer: