tysdag, juni 20, 2006

Kakemonster...

I dag har eg hatt fri. Ein fortreffelig dag om eg skal seie det sjølv!
Ikkje berre at eg har hatt fri, men den har óg vore ganske so produktiv- og ikkje minst, eg har fått ete kake!

Elin, Beate og meg har vore på Eid i dag. Vi har kopiert ting og tang, henta skattekort, handla matvare te bestemor, besøk Bente i "gamlebanken" (turistkontoret på Eid), og dukke kaffi på "Didriks".. ein koslig kafe som ligg midt i Eid sentrum.

Då eg kom heim besøkte eg bestemor, noko eg gjer kvar dag, det nye i dag var at katten hadde spydd på teppe... ikkje veit eg, kanskje det va morgenkvalmen??.. vertfall låg både eg og bestemor på alle fire for å vaske teppet reint. Eg har til og med raka ihop nåke gras. Deretter fekk eg ete bestemor sin VELdig gode lapskaus.

Neida, dagen tok ikkje slutt der. Elin og eg tok oss ei runde rundt Kjølsdalen... vi jogga so fint og snertent i tightsen! Etter utskeiinga av sportslege aktivitetar var det duka for kakeeting med ein riktig so god kaffitår attåt...mmmm...... skulle ha ete kake kvar dag!
Deretter satte vi oss ned med eit gamalt fotoalbum.... vi va vel ca. 16-17 år... og vi såg vellllldig morosame ut. Alle hadde kort rett av hår, med midtskill. Jannike såg ut som ein gut, eg va bleik som eit spøkelse, og Elin hadde dei "finaste" kledene i Kjølsdalen. Det va tider det. Ikkje minst kunne vi drikke oss full på ei "Hootch" eller ka det vart kalla....hangande rundt alle dei lokale heltane på flakedans i kjølsdalen, hyttetura med folk ein knapt huska kven er lenger, og det var ikkje minst veldig poppis å gå med lusekofter i alle slags fargar....

Berre vent, om ti år sitte vi å ler av kor teite vi så ut i dag.....

1 kommentar:

Sasi sa...

Wow! Du har jammen fått gjort masse. Eg har "fri" òg, egentlig sjuk- so eg får ikkje gjort stort med dagane. Får ta det att:)

EG È KAKEMONSTER!