onsdag, juni 07, 2006

Tatt av vinden.

No e det sommarferie for min del.

Eg ser fram til lange daga på hotellet med min kjære venn "tvåga"(klut... til dei som ikkje skjønnar slikt språk...), busslaster med sleske spanjolar som ser på rompene til stuepikene...amerikanara med store kvite "basketsko" og mage i tilsvarande størrelse, franskmenn som nekta å prate engelsk, laken med bremsespor og div. andre kroppsvesker, menn som tydlegvis har for lang manndom-eller som trur dei har det.. sidan dei ikkje med kjangs i havet greier å treffe det fordømte holet som befinne seg på badet (les:do)....uff ja... gledene er mange på Nordfjord hotell....

Men det merkelige e at det ikkje blir sommar utan lukta av hotellkorridorar og mennesker frå fjerne land....som ein liten eksotisk oase midt i traustaste bondeland. Sjølv om det blir min 8. sommar på hotellet(!!!) ser eg faktisk fram til enda ein sommar med påklistra smil, og hyggelige utvekslande fraser til turistane...(ikkje spør meg om eg synst det samme på slutten av sommaren)

Det nye i år er at eg skal jobbe ei tre vekes periode på parfymeriet på Eid. Trur det kan bli eit kjærkomment avbrekk etter hektiske veker på hotellet!:)

No venta eg berre på at sola ska gjere sin ankomst...slik at vi kan nyte fridagane med bading og grilling på Refviksanden, turane opp på sætra, flakedansane og ikkje minst Malakoff Rockefestival...som utan tvil kjem til å bli eit stort høgdepunkt i sommar!

-og for dei som e i Jølsterområdet neste helg.....pass opp.....Kjølsdalen e laus.

4 kommentarer:

Prinsesse Vil Ikke sa...

Gratulere me vel overstått eksamen, elle ka det no e en seie.. Kjeme du snart heim til Kjølsdalen no da? då må du bli me på fjelle - eg har teke heilt av..;) Og til helja ska eg drage me na Jon opp på Kvandalseggja!

Anonym sa...

katid dåkke operea me dant oppå sætra då? kan hende vi kan samle ihop nåke raask her inna, å kåme en tur v et høve...

Anonym sa...

Vi ska gjere jølster soutrygt so de aldri har vore, me rafting og bading rekna eg me!

jeanette_s sa...

eg blir gjerne me på fjelltur! kjeme tebake på søndag!:)