fredag, mai 22, 2009

Moods of Norway og banansplitt.

Sitte å nyte siste rest av banansplitt-isen eg kjøpte her hin dagen. Eg elska is og kan gjerne ete ein heil boks når eg fyrst er i gong. Trur pistasie-is er min favoritt, nei kanskje banansplitt eller
brownies. Uansett; is er godt både til frukost, middag og kvelds!
Måtte få med meg reprisen av Moods of Norway dokumentaren. Heilt fantastisk konsept! Vart nesten rørt til tårene då eg såg opptaka ifrå vakre Stryn og den deilige klingande nordfjord-dialekta! Kjenne inspirasjonen boble opp i kvar celle av kroppen min og det er på tide eg går for å få det ut på lerretet. Dei er rett og slett fantastiske representantar for Sogn og Fjordane!

1 kommentar:

Mari sa...

Is er fantastisk!! Eg er totalt opphengt i sjokolade-is. Gjerne med sjokoladebeta, sjokoladesaus og o`boy på! Ben og Jerrys isane er årets hit for min del! NAM!