tysdag, mai 26, 2009

GODT husmoremne!

Grunna ein mann som ler HØGT av mine ferdigheitar innan baking av gjærbakst, har eg i det siste øvd meg særs mykje. Og nei, eg e ikkje manisk-depressiv sjølv om eg baka til halv elleve på kvelden!:) Har baka horn, brød og sjokoladekake (den deilige mousse-varianten). Brøda vart ok, horna nydelege og like så vart kaka! Og no har eg køpt inn litt grovbakst for å lage grove rundstykke.

Ragnar, in your face!


Dokumentasjon av heving av deig.


Eit lite triks eg har lært av mannen som ler. Til venstre fersk gjær, dei to til høgre er tørrgjær. Måtte berre sjekke ut kva som utvikla seg mest. Berre for å vere på den sikre sida. Ingenting skulle gå gale under denne bakinga nei.

Resultat!

Ingen kommentarer: