måndag, mai 04, 2009

Smaken av Noreg, og det gode liv.

Nokre helger blir berre heilt perfekte, sjølv om ein hadde forventa det stikk motsatte. Helga som gjekk var akkurat ei slik helg. For når dei mørke skyene letta, kom sola og den blå himmelen til syne- heilt uventa. Våren har gjort inntog til denne vakre byen, og gjer sitt til at folk og dyr kvitrar om kapp med kvarandre. Blanda drops med gode venner, min finaste kjærest, leik, kos på altanen og levande lys er ein perfekt kombinasjon når våren spring ut i sin vakraste blomst.

Måtte det bli månge vakre og kjærleiksfylde dagar på altanen i bakgården seine sommarkveldar- og ellers i livet.

Hipp hipp!
Smaken av Noreg.....
Sharin i stor rocke-konsentrasjon. Johanna er rett og slett fødd til å rocke. Rune og Synnøve på altanen. Blant ca. hundre tusen levande lys. Røverhistorier om båtkantring og forlis fortaldt av min kjære Mr. Melz. Trine nyt boblevatnet. God stemning, og fleire folk kjem på besøk.


Lys, lys, lys.....:)

2 kommentarer:

Mari sa...

oh, så koselig! Ingenting er som levande lys, god vin og godt selskap!!

jeanette_s sa...

Eg veit.... ein blir på ein måte heilt forelska i livet med vin, levande lys og godt selskap:)
(ok, eg høyrest litt gla'kristen ut, men det e heilt sant...:)