onsdag, mai 27, 2009

Den som trur skal sjå...

Etter mykje prøving og feiling har eg tilsynelatand klart å bli venna med den onde gjæren! Den gjæren eg har kjend i alle år som verken ville formeire seg, la deigen heve og som har latt alle bakeverk eg har laga bli til drapsvåpen. Harde nok til å slå ihel med andre ord....
For fyrste gong kan eg sitte å nyte dei påsmurde rundstykka mine til frukost, med appelsinmarmelade på og kaffi attåt! Og ja- det e ein deilig følelse. For no kan eg klare alt! Til dei/den som ikkje trudde eg ville klare dette: "Begynn å grin'a!!!



Og her får dokke sjå korleis det går med urtene mine på altanen. Vel, dei står ikkje lenger på altanen grunna særs dårleg veir i Bergen, so eg har tatt dei inn i varmen til oss. Ser ut til at dei trivast godt med det! To av dei som har kikka opp er solsikka og basilikumen!



Ellers er det ein solfyllt dag i Bergen i dag, for fyrste gong på ei stund. So dagen skal benyttast til å jogge ute i det fri:) Hipp hipp!

1 kommentar:

Mari sa...

Oj, grattis med flotte urter!