fredag, mai 22, 2009

Kom mai du skjønne milde!

-Og det gjorde den. Mai er ein av dei månedane i året som gjer det godt å leve. Ikkje berre gjev den forventningar om lysare tider, men er óg ein månad som er til for å feire Noreg, frigjeringa og ikkje minst Grand Prix! Alexander Rybak gjorde 16. mai til ein folkefest utan like! Dagen vart som hør og bør feira med fest hjå ein kamerat av Ragnar og sambuare til kameraten som er ifrå Australia. Det som gjorde festen ekstra spesieiell, var at mange av dei som kom til festen var ifrå forskjellige nasjonar. Frå Storbritania, Russland, Litauen, Frankrike og Canada. Så alle hadde nesten kvar sin nasjon å heie på:) Sjølv om ikkje alle var like tilfreds med nasjonen sitt bidrag som Noreg (og resten av Europa) var. Felespeling og song om ekskjærasten var tydeligvis ein hit blant folket! Og eg må innrømme eg ikkje synst songen er det verste eg har haurt. Fengande spør du meg!

17. Mai vart litt rusten i kantane tidleg på morgonen i og med at vi MÅTTE feire sigeren til Rybakken. Men dagen tok seg sakte men sikkert oppatt etter å ha inntatt eit kraftig rekesmørbrød på Pingvinen. Traska litt rundt i byen for å få med det obligatoriske på denne dagen. Ropte litt HURRA, for så å hente potetsalaten eg hadde laga og ta den med til Kent og Lene som stellte i stand lunch. Veldig koselig! Deretter vart det servering av kaker og champagne hjå 'De vakre'. Kvelden vart avslutta med ein tur på Logen og sjåing av fyrverkeri.
Ein perfekt dag!

Bilde kjem seinare!

Ingen kommentarer: