fredag, februar 29, 2008





Den store gjere-alt-dagen-som-eg-ellers-ikkje-får-gjort-andre-
daga-når-eg-e-på-jobb-dagen....

Eller nåke sånt.....
Vaske kle, vaske og rydde rommet, gjere "ærend" rundt om i byen, trene og måle bileter som
er blitt bestillt......

Så sette ein igong med godt mot....
Rydda gamle papir og reikningar. Sette ting i perm ( No blir Synnøve gla!).
Kasta ting som eg har tatt vare på, berre fordi eg meinar at eg får bruk for det seinare
(Les: Serviettar, 26 flasker med body lotion som berre er bittelitt igjen i, toppar som eg ikkje har brukt på minst 5 år som eg ikkje vil kaste fordi dei har ei historie bak seg(( Trur forresten eg skal ta bilete av dei og skrive kva historie som ligg bak dei))....

Så dukkar det eine gode minnet etter det andre:

Brev frå bestemor:
" Kjære Jeanette? (spm. teiknet bak Jeanette er fordi ho ikkje heilt veit, etter 26 år, korleis ho skal stave namnet mitt)
Sender deg ein liten skjerv i nøden, men ikkje bruk det til fest eller klesantrekk, men til mat.
Håpar det kjem vel fram.
Kjærlig helsing bestemor"

Brev frå Astrid (lite utdrag...8 sider...):
" Vers 1. Jeanette dansar balett medan Jon Ove bles i trombone.
Refr. Å du og du det ekje te å tru, Ole Tellevik rei rundt på ei ku.
vers 2. Jannike har ei voldsom hikke, medan Svein Petter spring rundt med ei smikke.
Refr. Å du og du....
Vers 3. Elin øydelegg ein fiolin, medan han Frode ligg i ein kommode.
Refr........................."

...Eller finn eg kjærleiks postkort frå Oxford, avisutklipp frå sanitetsbasar i Kjølsdalen (bilde av pappa og bestemor), avis ifrå 12. september 2002.Postkort få Lars Jonas der han fortel at han ligg på stranda med solbriller på, slik at han kan sjå på alle damene han vil uten at dei merkar det...Og ikkje minst biletet av meg sjøl der eg er utkledd som ein cowboy, lita og uskuldig....

Moralen er: IKKJE under nokon omstende rydd eller vask på rommet ditt. For mange minner, utklipp og spøkelser skjular seg under alle hybelkaninene.......

1 kommentar:

Anonym sa...

Har du SÆRIØST hatt ting i perm?!
Då må eg berre gratulere med den, also! :)