tysdag, februar 26, 2008

Framtidsfylket?

Kjært barn har mange namn....

"Etter 2007 kan det også bli kalla tilflyttingsfylket."Trivselsfylket", "framtidsfylket" eller "fjordfylket".Folketalsutviklinga vitnar også om eit tilflyttingsfylke. Det er første gong sidan 1997 at folketalet utviklar seg positivt. For i 2007 vart det 65 nye sogningar og fjordingar. Dette takka vere innflytting frå utlandet, viser tala frå statistisk sentralbyrå...!"

I dag skal næringslivet i Sogn og fjordane vise kva moglegheitar vi "utflyttarane" har dersom vi vel å flytte tilbake til fylket. Med tapas frå Sogn og Fjordane lokkar dei unge i Bergen til å møte opp mannesterke for å høyre kva dei har å seie. Og eg må seie eg er spendt på kva dei faktisk har å tilby oss! Her hjelp det ikkje berre å lokke med mange ledige stillingar innan helsesektoren, men med håp om at dei har noko for oss "kreative"- sjeler troppar eg opp med eit opent sinn!

For tross alt, å bu i Sogn og Fjordane er eit verdival, som det seiast. Og eg er temmeleg einig. Vertfall til tider...

http://www.framtidsfylket.no/

Ingen kommentarer: