fredag, november 10, 2006



Feiring av min og bestemor sin bursdag.

Var som sagt heime i helga for å feire min og bestemor sin bursdag. Mykje rart som blir sagt og gjort i slike selskap der både Sundal og Erdal fam. er samla.

Kenneth rippa opp i gamle sår hjå Therese. Han kunne erindre at Therese hadde for ein vane å kle av seg eit og eit plagg når ho vart sur. Når ho tilslutt satt att i stilongsen; ja, då visste ein at det var like før bristepunktet .

Therese på si side, kunne ikkje hugse at noko slikt hadde skjedd.

Ellers har vi gamle "travarar" slik som historia om då Jørn i sin pure ungdom skulle gje kattungen melk; han putta like gjerne heile katten ned i melkestampen. Treng vel ikkje seie meir enn at pappa, som oppdaga katten, både prøvde med livredning og spyling av katten.

Livete stod desverre ikkje til å redde.

Ein kjem vel heller ikkje vekk ifrå endå ei dyrehistorie... Då Kenneth i all stillheit gav kyra så mykje mjøl, at det var like før ho gjekk i lufta og måtte ha dyrlege i all hast.

Desse historiane seie vel litt om kven som var dei snildaste og rolegaste ungane på garden. Eg seie ikkje meir....

Bestemor inspisera dei nye stavane.

Kenneth med sjegget hjelper bestemor med å sette ihop stavane.

No er stavane snart på plass. Jens Marius følger nøye med ifrå sidelinja.

Eg tek ein Shabana Rehman.

By the way. I dag ska "The school" spele på Garage. Veldig bra.

Ingen kommentarer: