søndag, januar 09, 2011

Medisin.

Pjusk dag og ute regnar det kattungar. Det deilige teppet av kvit snøv er for lengst blitt til slush i gatene. Ein MÅ berre elske januar!


Øvingshelg med påfølgande nyårsfest er heller ikkje feil, men det kan gå litt utover helsa. Hadde ein absolutt strålande dag i går, med dekorering av bord og matlaging til den fine kvelden. Øvde i nokre timar, stakk heim for å slenge på med den blå chiffonge-kjolen, sølvskoa, pelsjakka og raud leppestift!


Vart ein trivelig kveld med god mat, leiking, latter, rocking og latterlege påfunn utover dei seine nattetimar. Strålande fin gjeng!
Trippa over blank is i akkurat passe tid med florlette skritt og smil om munn. Det vil seie- taxisjåføren var av det raraste kaliber, og såg på byen mellom dei sju fjell som ein forferdelig farleg stad på nattestid. Vart derfor køyrt nesten heilt til døra i frykt for at fruene i baksetet skulle bli valdtekne på den korte vegen heim. Fruene lo av han og himla litt med augene i sjul. Men argumentet om at Hitler eigentleg såg ut som ein trivelig kar, sjølv om han drap over 5 millionar jødar, traff oss midt i samvitet.


Dagen i dag er pjusk med febervond hals. Eg kjenner at te, mjukt pledd og ei ny runde på sex and the city er det einaste som hjelpe. Det er fantastisk for ein medisin den serien er! Kjennast ut som eg har fått besøk av mine gode og etterlengta vennar, og at no skal vi ta igjen alt det tapte frå sist gong vi såg kvarandre. Eg får lyst å ta eit lite "Carri-hopp", smelle på meg fjonge kle og valse rundt i gatene i Bergen! Vel, kledd i sydvest og regndress, sjølvsagt.

Ingen kommentarer: