onsdag, januar 26, 2011

Å syngje på siste vers.


Sola slo meg midt i andletet då eg stod opp i dag tidleg. Eg strålte om kapp med ho, medan eg slurka i meg varm presskanne kaffi og åt pære. Eg tok på meg kleda; raud prikkekjole i sola sitt høve og veske med gullpaljettar. Eg tok han fine i handa, og vi vandra ut i byen som sjeldan bada i sol.

Eg tok bileter av ender, mannen og alt anna eg har lagt ut nedanfor. Og ikkje minst, eg var innom kjære Pingvinen for litt slarving og mocca med Birgitta.


Som ein ekte bloggar, så tenkjer eg som ein bloggar, tek bilete som ein bloggar og har bloggen kjært i mitt hjarte. Den feirar i desse dagar heile fem år! Eg fekk fullstendig andenød og hadde lyst til å rive av meg alt håret i frustrasjon då bloggen gav meg beskjed om at 'Picasa-webalbum' er fullt! Dette innebære at eg må slette ein heil del bileter dersom eg skal laste opp nye fine minner i verdsvev dagboka mi! Og, berre for å legge ut dette innlegget, så måtte eg slette mengder med gamle bileter. Krise!!
Eg som var midt i å ta ned juletredet og ønkske våren velkommen i heimen vart heilt satt ut av spel! 


Ikkje før no, når eg nesten har fått lagt ut kanskje mitt siste innlegg på denne bloggen, så har eg fått roa nervane. Det er ikkje slik at eg skal slutte å blogge. Men, anten må eg kjøpe meir 'minne' eller så må eg rett og slett flytte bloggen til ein anna stad. Så kjære blogg, eg har visst brukt deg opp! Korleis kunne eg vete at du faktisk var blitt gammal og ikkje orka meir?


Eg trur eg herved må pensjonere bloggen, og sende han på blogg-gamleheim. Takk for alt kjære blogg! Gjennom fem år kan eg kjenne på følelsar berre ved å sjå bileta. Eg kjenner at du held kjenslene trygt bevart her inne om eg skulle sakne nokon av dei. 


Sjåast att om ikkje så lenge på ei ny side. Håpar den blir oppretta ein av dei næraste dagane. Så følg med vidare!


4 kommentarer:

Krista sa...

nydeleg bilete av Reinert i sola! Så flink du er. Gler meg til neste innlegg på ny blogg:)

johanna sa...

nydelige ord og nydelige bilder!! veldig fint bilde av den fine mannen, og det av duen som flyr! og av cafe og gater. fin fin fint! du har et veldig godt øye, lille frøken kunstner!

Anonym sa...

Eg e innom bloggen din kvar dag. Du inspirera meg :) Følger med til neste blogg :)

Stine

jeanette_s sa...

Tusen, tusen takk! Håpe eg kan forsette å inspirere på ein anna blogg! Blir veldig gla om alle er med vidare! :-)