torsdag, januar 13, 2011

Elsk



Eg elskar musikken til søskenpar-duoen CocoRosie. Den skranglande musikker treff meg midt i hjarterota! Det er noko sårbart og ekte med den klagande og raspande stemma. Og sjølvsagt, dei har ved fleire anledningar jobba saman med min favoritt Antony Hegarty('Antony and the Johnsons') blant anna på deira andre album 'Noah's ark'. Like barn leikar best!

Med bakgrunn i deira rotlause og flyktige barndomstid, er det vel kanskje ikkje rart at musikken deira er inspirert både av blues, jazz, electronica, pop, hip hop og opera. Mora meinte nemmelig at jentene ville lære meir gjennom å oppleve verda på verkeleg, enn å bruke tid på skulen. Så dei flytta frå stad til stad gjennom heile oppveksten.

Noko fantastisk og fint kom vertfall ut av det. Håpe eg ein gong får oppleve dei i levande live!

Ingen kommentarer: