fredag, januar 14, 2011

Auld lange syne



Skulle gjerne lagt ut klippet frå 'Sex and the city-The movie' der denne heilt magiske og vakre irske folkesongen er i bakgrunnen av nyttårsfeiringa. Den er desverre ikkje tilgjengleg for å leggast ut på bloggen, så denne får bli ei erstatning.

Fyrste gongen eg såg filmen 'Sex and the city' sat eg i salen med boblande glede over å ENDELIG få sjå filmen "alle" har snakka om! Vel, no handlar ikkje akkurat innlegget om sjølve filmen- heller den fantastiske skatten av ein liten vakker song. Alle som har sett filmen hugsar vel scena frå nyårsafta; om kjærleik, dagane som gjekk, savn og glede- men mest det å kjenne seg einsam, forlatt og aleine på ein dag der alle skal vere lukkelege. Lukkelege over å feire den nye året og spenninga over kva alt det nye måtte ta med seg.

Det var noko med den scena og songen som eg aldri kunne gløyme. Inntrykket over den fine stemninga, dei vakre lysa ut i dei julepynta gatene, kjærleiken og på same tid den uendeleg tunge sorga over å kjenne seg einsam som satte spor i meg. Og i kinosalen rann tårene. Eg var både lukkeleg og trist på same tid.

I ettertid leita eg lenge etter denne fine songen. Men tenkte ikkje på at det var den skotske orginale versjonen av 'Auld lang syne' som tradisjonelt blir sunge i engelskspråklege land på nyårsafta. Versjonen som blir brukt no til dags har ein litt anna melodi. Uansett, teksen handlar om tida som har gått forbi, og som ikkje kjem tilbake. Det retoriske spørsmålet rundt songen er om det er riktig å putte dagane som har gått i ei skuff, for så å gløyme dei- eller knuge dei tett til sitt hjarte og sjå på dei som ei erfaring rikare eller som eit lukkeleg  minne.

Eg har sjølvsagt mi eiga meining over kva eg synast. Nokre av dagane som har gått har eg lyst til å klippe ut, lime i ei "scrapbook" og pynte rundt dei med gull og glitter- berre fordi dei var lukkelege, latterfylde, og ikkje vil gløyme dei for alt i verda! Andre dagar vil ikkje eg ta i med tong ein gong. Eg brenn dei opp i ovnen og håper dei aldri kjem tilbake, men lar røyken etter dei vitne om at dei har vore der, og at det er slike dagar som gjer eit menneske ei erfaring rikare. Dagar som eg lettar på skuldra over kan ikkje ha satt spesiellt spor. Men allikevel, dei er dagar og dei kjem aldri tilbake.

Så, kjære vennar. Konklusjonen på dette innlegget er; 'Dagane som kom og gjekk, ikkje visste eg at dette var livet'. Men no veit de det: Dette er livet!

Ingen kommentarer: