tysdag, februar 28, 2006

Eyes wide shut.....


Eg har fått meg jobb.... ikkje kva som helst jobb; Eg ska vaske på Frim.logen...

Eg har vore inn i det hemmelige bygget.

Med ærefrykt hadde eg opplæring i kvar eg skulle vaske, korleis eg skulle gjere det, og kva rom eg IKKJE hadde lov å stikke min nysgjerrige snute...Ingen utanforståande veit kva som skjular seg bak dei svære dobble tredørene som førar inn til dei hemmelege hallane/kapella. Eg følte meg som "Alice i eventyr land" eller ein statist i "Eyes wide shut"...Rom med gresk lignande søyler, store hallar med sjakkruta golv, "alter", gardiner som er trukke for, og ei stor svart og massiv dør der eg ikkje hadde lov til å gå inn....

Kva driv dei med? Og kva er det som er så hemmelig?......I mine auger verkar det berre som dei er svært opptatt av rollespel. Vel, eg har forsatt ikkje fått svar på det. Kjem vel neppe til å få det heller..

Frim.logen er vertfall ein hierarkisk oppbygd organisasjon, kor ein ettekvart vert innvigde i nye nivå. Totalt er det mogleg å stige ti garder og to embetsmannsgrader. Kor lenge ein har vore med bestemme tidspunktet for kortid ein skal innviast i ei ny gard. For å bli medlem må du være over 24 år, ha plettfri vandel, være bekjennende kristen, og bli anbefalt av to andre medlemmer.

Trur vertfall denne jobben er ein liiitt spesiell, og utan om det vanlege... Eller so e det berre meg som har fått eit overvelande fyrsteinntrykk....

Følg med i neste episode...

3 kommentarer:

Anonym sa...

ÅOMAIGAAAD! At du tør!

jeanette_s sa...

grøss... ja, eg grua meg litt te i måra når eg ska gå dre heeillt aleine....:(

Sasi sa...

Du è tøffe altso! Tøffajenta. Snik litt då..he he