onsdag, mars 01, 2006

Morgenstund har gull i munn.....


Eg har låge vaken i heile natt......

Eg har grua meg som ein hund for å låse meg inn på frim.logen heilt aleine.....
Eg har sett for meg at monster skulle komme ut ifrå mørker når eg åpna dørene til dei store ulmande hallane, at eg skulle bli offer for eit obskønt ritual, at aldri nokon meir skulle finne meg att... og at ingen heller skulle etterlyse meg..

Vel, tru det dei som ve..(treng ikkje nemne namn). Eg greie FAKTISK stå opp i grisotta!
Det gjorde eg i dag. Nervevrak som eg va satte eg beina utanfor sengekanten 06.15... sharp.
Etter ei natt med lite søvn og tankar som kunne skremme vettet av t.o.m. Jon Bolstad tenkte eg at det er like godt å få det overstått... Dette måtte eg komme meg igjennom med eller uten livet i behald....

Nølande drog eg nøkkelkortet og tasta pin-koda....Døra åpna seg. Og eg venta berre på at ting skulle dette ned i haude på meg, gardinene (som sjølvsagt e igjen) skulle ta til å blafre, eller stemmer skulle komme frå det indre djupet....

Sakte gjekk eg gjennom hallane, skrudde på lyskrunene, ein etter ein..... Fann min mopp og starta den i ein "slow swing".

"DRRRR...!!" sa det... Og eg trudde eg skulle få hjerteattakk, daude og besvime. Heldigvis var det berre isbitmaskina i baren, som berre skulle lage llliiitttt te me beta... I tillegg skullle det H.... kjøleskåpet stå å lage lyda.....


Vel, etter eit halvtime me nervøstsammenbrudd tok eg meg sammen.... Eg sa te meg sjøl "Jeanette, dette her skal du ta som ei ekte bondejente!!!" "Slutt å tull, rett deg opp i ryggen og kjeme det nåken monster e det berre å banke dei opp!!"- Etter dei formanande orda av meg sjølv gjekk det uuuttruuleg mykje beire.

Og kan du tru det?? Frim. som styre "sjappa" begyndte å straume på.... Einare blidare enn den andre.

Kontor som eg trudde eg måtte vaske under oppsyn fekk eg lov til å styre meg akkurat som eg ville. Dei eldre menna holdt opp dørene for meg, hjalp meg me heisen, spøkte om det hadde vore fest opp i den eine salen sidan eg kom med så mange tomme Oldenflaske...."Du treng ikkje vaske so grundig, vi ekje so nøye på det her" og "Berre gå litt tidlegare du, sidan du skal rekke forelesninga di" Dei eldre menna va rett og slett kjempe hyggelige!!

No har eg fått av ti kilo av skuldrane mine... Og va rett og slett i so eit godt humør etter jobben, at eg tok på meg miniskjørt og solbriller. ... So no e det berre å nyte det strålandes veiret i Bergen!

Trur neppe det kjem nåken monster å tek meg i måra.... Då sei eg berre te dei; "Ha dokke vekk! Eller so pussar eg dei eldre menna på deg!".... Ogso tuska monsteret fint innat i det mørkne ulmande rommet.....

3 kommentarer:

Synnøve sa...

Hihi! Fantastisk at dei va hyggelige me deg då!
Og berre so du veit de, so trudde eg at du klarte å stå opp idag tidli (viss de va meg du hinta te..). Merkli ka enn klare når en MÅ.

jeanette_s sa...

næh... vakje deg eg hinta te... mne det kan no vere det samme...:)

Therese sa...

Dei e alltid hyggelige i begynnelsen veit du, so slår dei te!!!