måndag, mars 27, 2006

Piker (Kristine, kotsasi, Trine og meg) vin (raud og kvit) og sang (les:plystring)

No er eg sistemannen av dei tre bloggarane til å skrive om denne fantastiske helga vi har hatt! Og eg føle eit sterk forventningspress... Om formodning alt skulle bli berre svada, vissvass og tull, so skuldar eg på skrivenervar:)...

Ok. No startar eg.

Skal eg gjere ei kort oppsummering vert det sikkert noko slikt som dette: Mat, latter, vin, øl, smågodt,meir mat, oppdeling av smågodt, klipping av hår, fylleklipping, visning av cellulittar, juicy tubes, rouge, rocke taxi, meir latter, latter igjen, soving på utestad, lurvete fleece kledde innfødde osv.

Vi var vertfall tre glade jenter som hadde den ære av å bli invitert til Høyanger, oh vakre Høyanger av vår gode venninne Kristine, som har gjort Tromsøværing av seg.

Trine burna inn på Vadheim city i sin lekre smekre bil, rulla ut den raude løparen, raska meg med, for so å sette kursen til staden mellom dei høge fjella.

Etter ei raskt overblikk på Coop mega, handling av blomar til vertane, øl, chips og smågodt, kunne vi endeleg foreinast me dei to deilige i huste til Kristine... (vel, "lommekjend" som eg er guida eg Trine opp ein bratt og fæsleg bakke som slett ikkje var vegen til Kristine og Co. sitt hus)

Kristine er ein aldeles utmerkande super brilliant vert. Det var som å komme til ein "velværsfarm". Alle som ein fekk gåver me snilde jenta (kjempe fine toppar! tuuusen takk!!) kvar sine fancy frisyre (og fyllefrisyrepannelugg) og ikkje minst mat, sjokolade, vin og øl til knappar på bukser spratt i hytt og gever.....

Forspel var akkurat slik som det skulle vere! Menn ville vel uten tvil ha rynka på nasa, men ka gjer vel det når vi var i slikt godt selskap?! Lippgloss, rouge og"pyntejente"faktoren var høg då vi satte oss til bords for å innta eit fantastisk måltid, heilt aleine mekka av Kristine!

Etterpå følgde immitering av hønelydar medan vi åt "cheese doodles", kutt-fort-opp-alt-smågodtet-slik-at-det-vert-meir-smågodt, eting av "Toblerone" med pølseklype, kven kan plystra/kven kan ikkje plystre konkuranse(kremt, ingen tvil om kven som "vann"), oppringing til ekkle obskøne menn, foto session, Kristine har høgast latter og diskusjon om kvinner med bart.

Etter eit slik forspel vart trailersprekk-fleece-eg hata kona mi-ølhundane på Øren i det meste laget for oss. Vel. nokon av oss hadde terapi time med mannen som påstod at når ein får barn tek ekteskapet slutt, andre sjekka ut stoffet i sofaen... i mange timar faktisk(Trine, HADDE sofaen EIGENTLEG so godt stoff som det såg ut til??) medan innbyggaren og broren hennar mingla blant Donald, Ole Dole og Doffen... eller ka dei no hette.

Eg gjekk under namnet "Eid" og fekk spørsmål om ein forsatt måtte te "Hånndalen" for å få tak i øl. Kristine konkluderte i at mannen både måtte ha altzheimer og grøn ster. Kotsasi kunne livshistoria til mannen, det likte ikkje han noko særleg. Og Trine, mykje moro eg kunne skreve om deg her, meg lille Tornerose sa ikkje so mykje der ho låg. Faktisk kunne vi ane ei hand som vart rekkt opp, då "altzheimermannen" spurte om nokon ville ha ei øl. Men det vart med det.

Turen oppatt i taxi var kjærkomen for trøtte partyløver. Vi rocka i taxien. Meir enn vi gjorde på Øren. Vi hadde faktisk planar om å lenke oss fast i taxien vi.

Å legge seg va vertfall moro. Kotti og meg i ei seng, Trine og Kristine i ei seng. To rom tett i tett. Ska seie "rompehumoren" e stor i dalande rus! Ikkje treng vi heller prate me kvarander face to face- vi berre ringe vi.

Tusen takk for ei trivelig helg go' jenter!!! Det va trist å reise ifrå dokke allje i hop! Snart mine venner, snart treffast vi igjen. Ikkje la det bli for lenge til:)

I mellomtida: TA DOKKE I VARE!

4 kommentarer:

Sasi sa...

Men ditta klarte du jo fint Jeanette:) Han mannen va no ikkje heilt gode, berre synd for han at faren hans va vaktmester på skulen min i gamle dagar.
Og så må eg sei ein ting. Eg trudde faktisk ikkje Trine sov så godt som ho gjorde. Ho va litt med i praten sånn av og til, eller ho prata sikkert om andre ting enn oss, men ho prata no. Dette kunne ho ikkje hugse, så du har eit godt sovehjerte Trinerose:)

Arti arti, detta må vi gjenta snart!!;)

Trine sa...

Hahaha! Eg hadde heilt glømt pølseklypa:D! Og bartesnakket huske eg fremdeles ikkje. Kanskje det var min bart dåke snakka om, når eg va ute i to sekund. Dessuten vil eg påpeike at eg ikkje sov i fleire timar, sikkert bare en liten en. Eg syns alle sammen kan komme til meg neste helg, kan nesten garantere at vi finne fleece og trailersprekka her også - og det e jo blitt vår nye greie.

jeanette_s sa...

barten vi snakka om va min:) det "flaterande" lyset på soveromet til mora til Kristine fekk fram barten min! so no har eg tattden me høvelen:)hehe

Sasi sa...

Vi har dokumentert pølseklypa òg vi, den klipe om litt av kvart...