måndag, februar 27, 2006


Staden der tida står stille...

I helga var eg heime. Kjølsdalen e den finaste bygda ein kan tenke seg.... men, alle bygder har eit men...Eg e alltid so spent når det e lenge sia eg har vore heime; Kven er blitt gravide, kven har trynesleika nokon andre sin partner, kor mykje snøv eller ikkje er det, har nokon blitt ilag medan eg har vore vekke???

Eg forventar alltid at det har skjedd store revousjonærande ting... Men ingenting har skjedd!!
Er tida med sladder og utskeielsar forbi... eller har alle blitt gravide og kjedlige slik at dei ikkje gidd å finne på nåke sprell?? Eg prøvar å dra eit eller anna "juicy stuff" ut av sambygdingane, med det er som dei har inngått ein konspirasjon mot dei som har flytta ut.... alle ristar på hovudet "nei, her hakje det skjedd nåke spesiellt.... Han Ole har no fått seg ny traktor, og Else nye gardine.."... OI!! seier eg... å prøvar å legge mitt engasjement i det...

Vel, so kan eg spørre meg sjølv.... "byjenta" som eg er blitt... Er ikkje alle stadar slik? Har Bergen forandra seg noko spesiellt på eit halvår?... Nei, Bergen har ikkje det.
Alt går i sin vandte gong her og. Sjølv om Kjølsdalen ikkje har kafera på kvart eit hjørne, 5000 uteplassar(som ein uansett aldri rekke over!) kino med premierar i hytt og gever og gamle dame med Gucci-briller.... So har slike små bygder sjarm...

I byen finnast ikkje bestemor sine gode vafle, kosesjuke Era, ein småkranglande fam. rundt middagsbordet, rauting av kyra som står i fjøsen, den gode stilleheita, kjende folk uansett kor du snur deg, dei gamle heltane på Ekspedisjonen(uteplass), folket som samlast uansett kva alder dei er i, og selvfølgelig... Ole me den nye traktoren....

Eg har fått det både i "påse" og sekk....

Eg e kjempe stolt over å ha vokse opp på bygda! Samtidig som eg e takknemmelig over å ha opplevd storbyet sitt pulserande liv!

Ken veit, kanskje eg sjølv flyttar tebake "bøgda" ein gong. Skaffar meg mann og 10 ungar, hund og Volvo stasjonsvogn....

Ein gong bygdejente, alltid bygdejente:)!

Ingen kommentarer: