torsdag, februar 23, 2006

Nordleninga.......


Vel, eg har igrunnen alltid hatt eit litt ambivalent forhald til nordleninga....Oluf, Tore Skoglund og pianisten Trond, Steinar Bastesen.... You name it.


Kan vel ikkje seie at den humoren fell heilt i smak hjå meg! Med fare for å trakke i salaten.Grei nok kan eg humre over småting som til tider KAN vere morsome....... men eg får ikkje den go' følelsen av at dette er humoren som ligg mitt hjerte nærmast. (sorry Svanhild og Kotsasi, eg veit dokke e halvt nordleninga..)

Heilt til i går.

Eg var på "stand up" på Kvarteret. Eg tok meg i å le so eg grein av ein nordlening!!! Eg kan ikkje fatte og begripe det! Ikkje hadde eg konsumert alkohol, eg var heller ikkje overtrøtt eller ustabil i gjerningsaugeblikket... Bergensaren som og var på scena vart berre ein flopp i forhald til nordleningen (BOmbe... heia Brann...)! Eg lo av etterlikning av bie, parodi av kappgong, forskjellige forslag til OL greiner (Hopp-skyting) osv.....

Eg må berre bøye meg i støvet!:) So feil går det an å ta! Neste gong skal eg ha eit mykje meir åpent sinn til ein nordlening moroklomp! Det lova eg......(Berre han ikkje heite Oluf).


Neste veke tek vi for oss Trøndera....So følg med!

No ser eg snart atter slike fjell og fjordar...!:)


5 kommentarer:

Sasi sa...

Bra du endelig har innsett at ikkje alle nordlendingar er som oluf og co. Nordnorske folk er, spør du meg- DET MORROASTE FOLKESLAGET i norge. Dei treng ikkje nødvendigvis å sei nåke morosamt, men det è måten dei seie det på. Eg ligg å rulle med ein gang dei opne munnen (dei fleste i jaffal). For min del kan eg spare meg for anmasande og høgrøysta bergensarar- FÅR FNATT! (bortsett fra Dagfinn Lyngbø og Ylvisbrødrene då:))

jeanette_s sa...

Vel, moroaste folkeslaget kan vel diskuterast:) trudde det va kjølsdøle eg????;)

Trine sa...

Jeanette, no er Sasi og eg veldig lei av å sjå på Oluf. Kan du snart skrive nåke nytt?

jeanette_s sa...

det kjem det kjem!... som mannen sa te kjerringe....

Anonym sa...

jeanettesverden.blogspot.com is very informative. The article is very professionally written. I enjoy reading jeanettesverden.blogspot.com every day.
bad credit personal loans
canadian payday loans