laurdag, april 22, 2006

DOMEN.




I dag har eg vore i domen. Nidarosdomen.

Det e eit fantastisk bygg! Det e rart. Når ein e slike historiske plassar som Nidarosdomen, med den varme rolege atmosfæra, ja, då kan ein plutseleg bli ein smule religiøs av seg. Ikkje det at eg ikkje e det frå før. Har forsatt barnetrua mi; trur uten tvil at det finnast noko meir mellom himmel og jord som vi mennesker ikkje kan råde over (trancendent, som det heiter så fint i det religionsvitskaplege fagspråket). Men kan ikkje seie eg har noko til overs for den pietistiske fordømmande kristendomen som blir praktisert av fundamentalistane (ok, ein smule fordømmanede der..men men).

Uansett. Den var ikkje til stades i Nidarosdomen i dag vertfall.
So eg tennde eit lys for glede, håp, kjærleik og varme.







Ingen kommentarer: