laurdag, april 22, 2006

Drops ifrå påska:)

No e det på an igjen med strieskjorta og havrelefsene. Kan ikkje seie eg har vore nåke særleg flink til å oppdatere bloggen i påska, men har hatt so mykje anna moro å gjort på at eg diverre valgte å prioritere bloggen i siste rekke.

Eg drøyme forsatt om påska, og den gjekk desverre alt for fort! Påskeeget e fortært, telemarkskia e godt nedpakka, hytta e låst og appelsinene som ikkje vart oppeten i år spara vi te neste år!

Påska starta med bygdefest i tradisjonell stil. Då kunne alle rocke av seg kiloane dei hadde lagt på seg gjennom året! phu... takk gud for at vi har påska, om ikkje hadde vel alle enda opp på "fat-camp"....eller...?

Deretter fekk eg storslagent besøk frå Balestrand! Ska tru om påskekyllingen besøke oss igjen te neste år óg??

Hytteturen var bortimot svaret på den perfekte påskeferien. Einaste som satte ein liten minus i margen var den fråværande sola.

Vi gjekk på bortoverski, åt den tradisjonelle påskemiddagen beståande av joikakake, hadde Christian som personleg trenar i å renne på telemarkski, spelte spel til den store gullmadaljen (nokon hadde større konkuranse instinkt enn andre), raudvin og conage kveldar, den offisielle "Ola-dagen"... enten vi ville eller ikkje;)gjekk i ullundertøy dagen lang og hadde diskusjonar om kven som skulle hente vatten i frå elva. Alt ved det gode gamle med andre ord.

Påska vart avslutta med feiring av tante Jenny sin 60 års-dag på hotell Alexandra . MMMmmm... forsatt drøyme eg om alt det eg SKULLE ha smakt på....

Til slutt svippa eg innom Balestrand for å klippe litt epletred:)

I bunn og grunn ei vellykka påske!




Tante Jenny feira 60 års dag på hotell Alexandra!:)


Bjørn Tore elska familie selskap!

Ingen kommentarer: