tysdag, april 21, 2009

Tam-ta-da-daaaam!

Påska over, og eg e tebake i Bergen att! Dårleg med oppdateringar i påska. Ikkje fordi vi ikkje har nett heime i Kjølsdalen, vi har faktisk eit meget kjappt eit. Men fordi eg rett og slett ikkje har gidda. Sånn ærleg talt på ein måte.

Påska har vore fin fin. Kom mandagen i påskeveka. Heile familien var samla til onsdagen, då for mamma og pappa på hytta. Då va det tenna i tapeten, og dansing på bordet hjå oss "ungdomane" som var att i Kjølsdalen. Fekk gått litt på kafé ilag med både systre, svoger, bestemor og venna. Ellers hadde vi som hør og bør i påska, besøk av litt familie ifrå Stryn. Knakande kjekt, om eg sjølv skal seie det. Ellers fekk eg og Katrin ein luftetur til Eid, skjærtorsdag, med Jannike som sjåfør. Trur rett og slett alle "normale" personar hadde tatt fri ifrå festing då. Eit meir udugeleg klientell skal ein leite lenge etter. Ikkje det at vi sjølv var so mykje beire, men HALLO....

No, ei veke etter at eg kom tebake frå påskeferie, kan eg skryte på meg å ha fått litt farge i ansiktet. Det har rett og slett vore STRÅLANDE veir i Bergen. Og livet kjennast godt ut å leve!
Må meddele at eg har gått til innkjøp av ein rockering! Jada, den e rosa og kvit. E utruleg god trening for både rygg og mage, men kan ikkje i min villaste fantasi hugse at det var so vanskeleg å få den rockeringen til å snurre fint rundt magen og ikkje fint rundt anklane........
Men eg blir beire og beire dag for dag, så eg vurdera sterkt å melde meg på 'Norske talenter' neste år. Då med ca. 10 rockeringa snurrande rundt Jeanette. Hadde eit lite snarbesøk av Therese i går. Treng du ein god latter, be Therese rocke litt med rockeringen for deg:) haha......Ho såg rett og slett ut som ein sterkt rusa magedansar!

Ellers gleda eg meg til å få storfint besøk heimaifå av Jannike i måra:)
Ps. Jannike og Jeanette har namnedag i dag!! Hipp hipp til oss!


Sånn ska det IKKJE gjerast.....Der ja, litt dreisen på det.....Fått inn 'boogie-stilen'Her går det stadig beire.....So va det på tide å besøke anklane igjen.....

Ingen kommentarer: