onsdag, februar 11, 2009

Sånn går no dagane.....



Då va NM og festivitasen over. Har ikkje hatt det så kjekt på lenge, sjølv om eg e handikapa og ikkje kunne vere med å spele. Godt med ei lita avkopling midt opp i alle kiropraktor, akupunktur og naprapat-timane....

Flesland spelte fradag, og på kvelden samla gjengen seg på Peppe's. For ei stemning! Trudde til tider at magemusklane skulle revne. Og med eit par øl innabords vart nakken og stressnivået mitt meir avslappa enn kva det har vore på mange veker.....Deilig! DET e terapi!

Laurdag stod vi opp for å møte mamma, pappa, Anne og Jan til lunch. Fekk med meg ein del korps blant anna Kjølsdalen og Eikanger. Eikanger spela som vanleg suverent! Og enda opp på toppen i elitedivisjonen. Seinare på kvelden samla Flesland folka seg på forspel og til direktesending frå Grieghallen. Vi vart godt nøgde med 5. plass av 13 i 2. divisjon!:) Og atter ein gong var stemninga upåklageleg...stakkar naboar!...

Fredag kl. 6.58 fekk dessuten Britt og Morten (som det er bilete av ovanfor) ei stor jente som skal heite Malin:) Gratulerer! Gleda meg til å helse på hon:)

Ingen kommentarer: