fredag, mars 09, 2007

Mimring og babyskrik.

I går hadde vi ein fantastisk fin kveld med mimring og babyskrik. Delar av "strikkeklubben" var samla hjå Kotsasi. Veldig kjekt å sjå at Sol, Siv og Lena att!! Alt for lenge sidan sist gong.

Alle har komt eit steg vidare i livet. Lena er blitt sjukepleiar, og ikkje minst, ho har gifta seg med den mexikanske draumeprinsen sin:) Sol har fått bachelorutdanning på kunsthøgskulen og Siv er i praksis, for ho skal bli lærar. Og ikkje minst Kotsasi som har fått seg ein liten baby:) Rart kor tida går. Ikkje lenge sidan vi alle i hop satt å skvaldra i munnen på kvarandre på KIB.... So ja, eg savnar den tida! Derfor e det ekstra kjekt når vi kan treffast igjen slik som i går.

Tobias var vel ikkje heilt i det rette humøret. Stakkar lisje babyen hadde sikkert låkt i magen sin. Eller kanskje berre var han lei av alle damene som bråka høgt og lenge.

Eg har veldig mange bilder av kvelden som eg skal legge ut! Skal prøve å få gjort det i måra.

I dag har eg veldig vårstemning. klokka er snart seks, men allikevel er det lys og fint ute! Har vore ute å gått masse i dag, folk er liksom litt gladare, smile meir, og blomstrane rundt lille lungaardsvatnet er på god veg til å slå ut i full blomst!!

Jepp, livet er hærrleg! I dag e det fræddan! ..og alle veit ka som skjer då.....;)

Ingen kommentarer: