torsdag, mars 08, 2007

Latter og spagat.


I dag er vi så heldige å være eigarar av tre nydlige lysestakar som kvarteret tidlegare var eigarar av.
Trine, som håva inn lysestake på lysestake, blir sikkert ikkje spesiellt glad for at dette biletet blir lagt ut på. Men som sagt kan du klage det inn for PFU dersom du ser det naudsynt!;)
I går var vi på stand-up show på kvarteret. Nokre av stand-up'arane trena magemusklane meir enn andre, nokre var "Hønkar", medan andre berre var pervo. Kjekt hadde vi det vertfall!:)
Har ikkje ledd slik sidan krigen.
Eg, som skulle vere ordentelig å ikkje drikke, greidde det nesten. Og ikkje nuk med det. Eg gjekk tidleg heim. Berre for at det var onsdag, og for at eg ska vere opplagd til "strikkeklubb-samlinga".
Som sagt, dei andre var litt meir bedugga. Midt under ein samtale fann Trine, som også viser seg å vere SVÆRT så akrobatisk, ut at ho skulle hente lysestakane på det andre bordet, slik at vi fekk dei til odel og eige (FY!). Eg fylgde med på heile scenarioet, og plutselig går Trine ut i spagat! Midt i lokalet på kvarteret!:)........ Vel, det viste seg at jenta, som sikkert kunne ha hatt sitt eige stand-up show, ikkje fekk lysestakane "gratis" men også måtte gjere noko for å få ei. Og kva er vel beire då enn å ta ein liten spagat?
Bortsett frå det, er det sinnsjukt godt å kjenne at kreftene kjem tilbak etter det helsika infulensaen som har herja med meg i ei veke!:) Sola skinn, og eg har berre lyst ut å springe i den deilige vårlufta!:)
Snart e det påske óg, og det gleda eg meg vannvittig til!!! Eg gleda meg til å komme på hytta igjen, og få stått litt på ski, ha det kjekt ilag med familien, og ikkje minst ete masse påskegodt:) Lenge leve hytte/påske kos!
Ps.
Om nåken seie "gratulerer med dagen" til meg i dag, so kjem dokke til å få dokke ein på snuten! Eg hata kvinnedagen!
Altså, eg e sjølvklart for at det skal vere likestilling, men snakk om å gjere seg sjølv undertrykte ved å lage sin "eigen" dag!.....
Eg lar den dagen være forbeholdt kvinnegruppa OTTAR. Kvinner som ser ut som ei krysning mellom dame og mann, skiftar traktorhjul, og som sikkert ikkje har "fått seg" nåke sidan krigens daga..... Denne konklusjonen trekker eg utifrå eigne observasjonar.... mykje agressivitet lagra.

7 kommentarer:

Monica sa...

Ikkje at eg har tenkt å gratulere nokon, men er det ikkje kvinnesaksforkjemparar og OTTAR som har gjort det slik at vi kan ta abort, bruke prevansjon etc? Og arbeidet mot seksuell undertrykking av kvinner er jo bra?

Desverre så kan det hende det heile får feil fokus. Kanskje på grunn av at kvinner må skrike høgare, og kvinner som skrik høgt er hysteriske og bør halde kjeft? Og at vi framleis er i eit mannsdominert samfunn.

Men eg treng liksom ikkje ein heil dag på å tenke på dette, einig med det, det går sin gang dagleg det...

Anonym sa...

eg havna paa striptease i anledning kvinnedagen og merka at eg syns vi blei hedra litt i overkant. eg var rett og slett litt redd.

men naar det er sagt synes eg kvinnedagen er ganske okey, det er jo faktisk saann at vi har eit stykke igjen til likestillingen er i boks! ;)

men eg kjem ikkje til aa oppsoeke fleire lokaler for nakne mannerumper altsaa.

-elin

jeanette_s sa...

som sagt skreiv eg det klart og tydeleg i innlegget mitt at eg er for at det skal vere likestilling. Klart det skal vere lik lonn for likt arbeid. Men og at det skal vere kvalifiksjonane som tel, og ikkje kjonnskvoteringa.

Kjempe flott dersom der er OTTAR som har gjort det slik at kvinner kan velge sjolv om dei vil ta abort ovs. Men seriost synst eg at det blir litt for mykje kvinnehysteri etter min smak......

Elin, forsett med det der!!!

Monica sa...

Men kva er mannshysteri? Kvifor har vi ikkje det? :)

Kristin sa...

Skal det vere likestilling må vi ha både kvinnedag og mannedag. Men det er klart at på verdsbasis er det gjerne kvinner som treng det mest. Ottar er forresten bestefaren min og han er veldig grei.

Anonym sa...

Eg burde få forbud mot å turne. Og forbud mot å gå ut sammen med diverse blondiner (eg nevner ikkje navn) som regelrett TVINGAR meg til å stjele lysestakar for billige turntriks.

Men det var jammen kjekt likevel!:)

Og det der - det e vel meg fra mi aller beste side:P

jeanette_s sa...

Då kan vi hjelpe kvinnene i andre land, i staden for å gå rundt å sutre. Bestefar Ottar e sikkert veldig hyggelig mann;)