onsdag, november 03, 2010

-Eit steg nærare 30.


Om to dagar har eg bursdag. Og eg er enda eit steg nærare 30.
Altså, eg blir heile 29 år.
Eg kjenner meg ikkje i det heile som ein nesten 30 åring, men eg veit heller ikkje korleis ein nesten 30 åring skal kjenne seg.


Eg hadde plan om å skrive ei lita oppsummering av livet mitt. Men innsåg at eg faktisk ikkje gadd å gjere det i dag, sjølv om eg allereide var godt i gong. So i måra den dag skal livet oppsummerast.


Ellers er det óg berre to dagar til Flesland Musikklag reise til Stavanger for å delta i Siddis Brass. Blir deilig å ha eit par dagar fri frå Bergen, ligge på hotell, ete god mat, spele og være med gode folk!

1 kommentar:

Mari sa...

Lukke til på Siddis. Blir sikkert kjempekjekt! Og det høyrast ikkje feil ut å bu på hotell!