tysdag, november 09, 2010

Heim til jul.

I går fekk eg kjensla av å ville heim til jul. Har ikkje vore heime sidan i sommar! So no er det på tide!
I Bergen har det blitt kaldt, og små snøfugg dansa lett i lufta. Sjølv om dei ikkje er av det største slaget enda, so bringe det fram lengta etter jul med familien.

For å vere heilt ærleg, so har eg allereide smakt på mandarinene i år(jada- eg veit det heiter klementiner). Med fare for å få skjennepreike av Synnøve! Vi brukte nemmelig å vere "julepoliti" ilag, og meinar at mandarine, julebrus og marsipan er forbeholdt desember. Men eg har desverre blitt litt meir rundare i kantane med åra. Peter Jöback og Mariah Carey og 'all i want for christmas is you' sparar eg til den siste og beste månaden. Stor løgn frå Jeanette! For eg veit med meg sjølv at etter eg har lagt inn dette innlegget, så går eg rett på Youtube, finn 'all i want for christmas'og legg den ut på bloggen.

Ellers- i rusen over å ha blitt tante, gløymde eg nemne turen til Stavanger og Siddis i helga. Vi hadde nydelig veir, og spelinga gjekk ganske så bra. Deilig å komme seg vekk frå Bergen ein liten tur, og det er heller ikkje feil å ligge på hotell.
Møtte igjen gode og fine Sunniva. Gjennom mange varmande slurkar frå kaffiautomaten på hotellet, fekk vi oppdatering av kvarandre sitt liv gjennom eit år. Skulle gjerne ha møtt Sunniva oftare! Når det er sagt, og situasjonen er som den er, så kjennast det alltid ut som det ikkje er lenge sidan vi såg kvarandre sist. Slik er det med gode vennar:)



Vel, nyt 'All i want for christmas is you' drøym deg vekk til snøkledd landskap og julestemning!



Ingen kommentarer: