laurdag, februar 13, 2010

Nydelig dag!

Vel, kan ikkje skryte på meg at formen er på topp. Men no er det faen meg nok. I dag har eg tenkt meg ut for å ta litt bilder av det nydelige veiret og byen i mitt hjarte. Så får heller mandla vere mandla.

Korfor i POKKER skal vi ha noko i kjeften som heite 'mandla' i det heile? For det fyrste er det ein nøttesort, og for det andre passa det beire å ha i grauten på julafta enn i halsen. Og dersom dei berre skal vere der og ta opp plass så hadde vel vi klart oss beire uten?

Gud, der gjorde du ein særs dårleg jobb. Treng eg nemne blindtarmen??

Ok, eg ser at eg er ein smule amper i dag. Men heldigvis blir ikkje eg den einaste ampre i Sigurdsgate 6 i dag. Får snart besøk av bulldogen Jabba. Og Jabba har nettopp fått erfart sin første mensen (Ja, Jabba er ei jente)
Så i dag kan det bli spennande å vere bulldogvakt!

2 kommentarer:

Idunn sa...

Hihi, du er morsom!
Eg har faktisk same problemet med mandlane, og gjekk til spesialist for å få dei sjekka.. Og trass uendeleg mange forkjølingar og halsvondar i året, så meinte han at eg burde behalde dei fordi (les nøye no) fordi dei er bra for immunforsvaret! Men hallooo... Det er jo dei som er årsaken til sjukdomen ca 80 % av tida...?! Ulogisk..

jeanette_s sa...

haha, ka i alle daga. Blir ikkje det ein slags ond sirkel? Ein skal liksom beholde dei fordi dei er bra for imunsystemet, men dei gjer no oss sjuk! Dette skal eg komme til bunns i. Kanskje det hjelpe å google det?