tysdag, juni 19, 2007

Sommarfeber.....



Det e alltid kjekt å komme heimatt til sommaren:) Og eg gleda meg like mykje kvart år. Kjekt å sjå familie, venna og bekjende. Hund, katt og kyr.

Men det kan til tider vere litt ambivalent.

Allereide etter litt over ei veke kjenner eg at frustrasjonen sakte men sikkert breiar seg over kroppen. Frustrasjonen over følelsen av å ikkje bestemme over mi eiga tid..
For med det samme ein stig med foten innom barndomsheimen er ein ikkje lenger den store jenta som har budd vekke i seks år, og som er så vaksen at ho veit sitt eige beste, og kan gjere kva ho vil akkurat når ho vil.

Nei, då blir ein på ny minna over at foreldre trur dei framleis har like mykje dei skulle ha sagt. Prøvar ein å snike seg vekk nokre minutter, berre for å få ei lita pause fra familelivet, blir ein raskt oppdaga... For då skal ein t.d. ha kvalitetstid ilag med resten av fam., jage kyr, rake gras, eller "brynnje" kalva (for dei som ikkje veit tydninga: gje dei vatten).... Ikkje det at eg har nåke imot å hjelpe til eller ha kvalitetstid ilag med fam. Det er berre at kjem ikkje ein på sekundet får ein høyre det iallefall ein(to) time/timar etterpå.

Det samme gjeld når ein skal på fest. Dagen etter er det fullt referat til foreldre. Kven var der, kva gjorde vi på, og ikkje minst... om vi oppførte oss fint (noko som er særs viktig!)... Men... Det e no ikkje alltid vi oppføre oss like fint. Sånn e det og sånn blir det...Og sånn har det alltid vore (T.o.m. då våre foreldre va unge...sjølv om dei unnlete å fortelje det).

Derfor e det greit å bu med Trine og Synna. Vi gjer egentlig akkurat det vi vil, når vi vil. Om vi ve sitte oppe å drikke øl te kl. e 06.00, so gjer vi det. Om vi ve ete sjokolade ette at vi har pussa tennene og brukt tanntråd, so gjer vi det. Om vi ve kjøpe sko-par etter sko-par, so gjer vi det...uten å få høyre ifrå kvarandre " Har du kjøpt det enda eit nytt sko-par! Du har no sooo månge sko frå før av!!"... For sko, det får ein aldri nuk av. Nemmelig.


Som dokke forstår, så bære min frustrasjon preg over at foreldre tydlegvis ikkje ser på alt med samme auge som vi litt "barna" gjer.......


Huh... Berre å telle til ti og bite tenna ihop.
Forsatt ein og en halv mnd. igjen av sommaren.

3 kommentarer:

Linda sa...

Hehe, må innrømme eg nikka gjenkjennande eit par gonga her. Merkeleg kor vandt ein blir med å bestemme over seg sjølv, og ikkje trenge å ta så mykje hensyn til andre.

jeanette_s sa...

Uff ja, det e deilig å berre ha seg sjølv å tenke på!:)

Anonym sa...

Ja, shit, eg e glad eg får kjøpe mange sko og gjøre det eg vil. No får vi sjå kor strenge dei er og kor lita jente eg blir plutselig, når vi skal til utlandet sammen...:)