torsdag, juni 12, 2008

Slik som i gamle daga.



På tide med oppdatering her på bloggen min synast eg.


Har for tida vore litt oppteken med å sverme og leike meg i sola. Men kven har ikkje det, når sola skinne frå skyfri himmel dag etter dag?


Men ei lita "time-out" frå byen trengst meg jamne mellomrom. Sia eg ikkje har vore heime sia påske. Tok meg i å smile for meg sjølv på bussen frå Måløy til Kjølsdalen, dagen då eg annkom med båten, medan eg haurde på Hellbillies. Ja, le den som ve. Men Hellbillies har ein slik vakker og bonderomantisk musikk. Trur kanskje ein må vere oppvaksen på landet for å forstå det.


Snakka om Hellbillies og bonderomantikk. Laurdag e det duka for flakedans her i bygda! Og klart eg ska få med meg den hendinga. Eg e klar for å drikke jegermeister, rulle meg i lyngen, danse reilendar til "Geir og Steinar's" og bade i "lisjebreiløken" etter å ha blitt jaga heimatt av vaktene som e trøtte og leide og ve heim for å legge seg!


Men fyst.......vaske huset.


Ps. Det kvilar ei amper stemning og over bygda og bøndene som ikkje får starte slåtten pga. store mengder med nedbør dei siste dagane. Måtte regnet vise oss nåde.

3 kommentarer:

Anonym sa...

sola skine i frp skyfri himmel, men bøndene e sure fordi det regna?? høhø.. bestem deg jente!:)
Jannike

jeanette_s sa...

ja, men tidsrommet eg tenkte på va ganske stort. fyst va det strålande sol i månge veke, so kom rgnet i månge veke. Ikkje långt frå himmel te helvete:)

jacker sa...

proe25800
posy4581
rot1679
wool1181
feel8543