onsdag, september 22, 2010

Dørvakt.

I helga har eg vore dørvakt. Med tre par håpefulle auger som såg på meg, leande under ein paraply i regnet, tok eg fatt på oppgåva. Eg tok av meg pelsen- berre for å verke meir truverdig. Eg spurte folk fint etter bevis, og folk gav meg beviset opp i hendene. 

Eg kommenterte både frisyre og anna. Fleire sa at dei kanskje ikkje hadde vore spesiellt heldig med fotografiet akkurat den dagen. Dei unskylda seg og sa at det kanskje ikkje var deira "beste" periode i livet. Og det kunne eg seie meg einig i.

Då eg ville ta bevis av dei som gjekk ut døra frå utestaden mista eg truverdigheita mi.

Sånn endte den kvelden.

3 kommentarer:

Synna sa...

Godt jobba, Netty! Neste gong må du hugse å kun ta dei so går INN og ikkje dei so går UT av døra ;)

jeanette_s sa...

Huff. skal huske det te neste gong! Prømis!

Mari sa...

haha. genialt å spørre etter bevis når dei går:) Lika d!