fredag, september 24, 2010


Tom Waits

Ei periode i livet vart eg introdusert for Tom Waits si melankolske whiskey-stemme. Eg huska den kvelden som det skulle vere i går. Ein mørk og regnfull haustkveld- akkurat slik vi kjenner til hausten i Bergen. 

Det var ein laurdag midt i studietida, den gongen pannelugg ikkje var tenkt på, studielånet kom inn på konto den 15.kvar månad og vi flørta med gutane på lesesalen- for det var jo faktisk den einaste plassen vi var; på lesesalen og universitetet.

Eg huska vi satt i busskuret ved Galleriet, i forsøk på å få ly frå regnet og for å koke hovuda våre saman i å finne den "ultimate" plassen vi kunne gå ut på. Oppstasa i mitt gule fine og nye skjørt, med krølla hår og friske roser i kinnet kunne eg ikkje vente med å komme meg inn ein varm og lun plass.

Ingen utplass frista oss. Av den grunn at vi ikkje hadde råd til å starte kvelden for tidleg ute. Og i posen hadde vi Tuborg som venta på å slukke tørsten vår.

Omsider ringte vi ein kamerat av oss begge to, for å høyre om han kunne tenke seg å opne dørene for oss. Og det ville jo han sjølvsagt! Inne venta ein sofa, pledd som vi kveila oss inn i, eit lite hav av stearinlys og åpen ild frå peisen som knitra mjukt i hauststormen. Varmen sneik seg inn i kroppe etter ein god kopp med te og hyggelig samtale. Dei mjuke tonane som spelte i bakgrunnen lagde ei perfekt ramme på heile kvelden. Og då vart eg forelska.


Og gammal kjærleik seiast å ikkje ruste....

2 kommentarer:

Mari sa...

åh, så koselig! Ingenting slår stearinlys, peis og god musikk!

jeanette_s sa...

nei, eg veit. Det kan ikkje bli koseligare!