tysdag, august 28, 2007

Revy.

Satt i dag og såg i gjennom alle artikkelane eg har lagt ut på bloggen. Det var akkurat som om livet mitt på ein eller anna måte passerte i revy.

Ting eg har gjort, sagt, tatt bilete av eller minner som eg vil bevare innerst inne i hjarte. Tider som verkar berre som eit fjernt augeblikk, men der eg var tilstades med heile mi sjel.

I frykt for at dei gode og fine minnene skal forsvinne, er eg glad bloggen er der for å innimellom blåse liv i dei skjøre stundene som ein aldri vil få att, men som ein på ny kan skape. Ikkje identiske frå kva ein allereide har opplevd, men ei gjennskaping av det ein allereide har sansa. Berre litt annleis.

Ingen kommentarer: