torsdag, september 13, 2007

Det var ein gong ein mann......

Sjokoladebrun i huda, og med dei livlegast blå augene ein kan tenke seg. Ein livsnytar med heile verda som heim. Sjølv om han har staden midt i Sognefjorden, Balestrand nærast til sitt hjarte.

Ein mann som trur på stjerneteikn, og utan å tvile gav meg til kjenne som ein skorpion allereide fyrste gongen eg traff han. Som liten gut var til stor bekymring for sine foreldre fordi han inviterte alle han møtte på sin veg inn i heimen deira, og som lett kan sovene i kajakken sin midt ut på Sognefjorden. Til og med då han skulle vere "kajakk-buddy" under Swimfestivalen.

I dag fekk eg den ære over å vere guide for Ervin i Bergen! Vi har fjasa og ledd, snakka om alvorlege ting, vore spirituell, tatt mykje bileter, og eg har fått oppleve Bergen på ein ny måte med alle spørsmåla til Ervin som eg eigentlig aldri har tenkt på før. Ein perfekt fin dag!

Dessutan har eg fått meg ein ny jobb som eg allereide er blitt svær glad i! Eg skal selge dyre designermøbla, og då meina eg SVÆRT dyre designermøbla. Sofa til 70 000, ja takk:)



























Ingen kommentarer: