onsdag, desember 17, 2008

Onsdag!

-Og fridag:).....
Sitte i stova, ser God Morgen Norge, drikk kaffi, et frukost og nyte livet! God med ein dag fri midt i veka. Spesiellt no framfor jul, når det blir mykje jobbing. Har plana om å handle dei siste julegåvene i dag, eller dvs. eg MÅ handle dei siste julegåvene i dag! Sia det faktisk e den einaste fridagen eg har før eg ska heim te Kjølsdalen den 22. Gleda meg veldig te å komme heim te jul no! Ska bli kjekt å sjå heile familien igjen, og berre kjenne på den gode følelsen som kjem når jula står for dør.

Arrangerte julebord ilag med Synnøve for korpset forrige helg. Må seiast at det ikkje e berre berre å arrangere julebord. Mykje logistikk! Bestilling av ribbe og svinekjøt, leige av lokalet, innbetaling av dei som ska vere med, pynting, rydding og betaling av reikninga. Synst sjølv at vi greidde oss bra- kvelden vart veldig vellykka den! Starta kvelden med å halde julekonsert i Fana kyrkje. Ei fin steinkyrkje med store fine gotiske vindu med glasmåleri. Kosleg når lyset va dempa og dei einaste lyskjeldene i kyrkja var dei små lampane vi har på notestativet og stearinlysa i vindauga. Stemningsfullt! Deretter bar det vidare til Hjellestad der vi dagen før hadde pynta bordet fint med glitter og stas:) Festen varte ut i dei seine nattetimar med boblevatten og "all i want for christmas is YOU"........;)

Ellers er eg svært lykkeleg for å ha fått billettar til Coldplay som ska spele på kohengen i haust! Sjølv om dei har fått terningkast éin vel eg å oversjå karakteren av dei bedrevitande musikkannmeldarane. E ein fan, so e ein fan. I tjukt og tynt! Ellers gleda eg meg til eit litt mindre band, Kniv og taffel, som held konsert på Garage i måra. Då blir det go gammaldags oppjazza julemusikk. Håpe eg får mi dose med julestemning og stjerner i augene......

Ha ein go dag folkens(for dei som forsatt gidd å følge med på bloggen)........
May all your dreams come true:)....


3 kommentarer:

Mari sa...

Klart vi følge med på bloggen din:) Moro når man planlegge og ordna til julebord og så blir det vellykka!
Eg reise heimover på fredag og gler meg som ein liten onge! Då skal eg slappe av og sove ut! Du må ha ei riktig god jul og kose deg masse!!

Anonym sa...

Ja, me føl med. Og det var etterlengta bilete frå julebordet! Irriterande å ikkje få vera med.

jeanette_s sa...

flott her forsatt e nåken trufaste:) E ikkje den kjappaste med å oppdatere, men sånn blir det når ein har hatt bloggen i over to år:) God jul te dokke og! Reikna med vi tek igjen festinga med FML i februar Marianne:)