tysdag, januar 13, 2009

No more champagne, and the fireworks are through...

Godt nyttår kjære folk! Burde vel strengt tatt hatt ei oppdatering for lenge sidan, men kan ikkje seie det e so lett når eg ikkje har maskin tilgjengeleg til alle døgnets tider. Men akkurat i dette øyeblikk sitt ei lite opplagd Jeanette i morgenkåpa og prøva å kurere infulensaen sin. DÅ passa det perfekt å oppdatere bloggen.

Trist jula ikkje hadde tid til å besøke oss (meg) lenger enn berre ei veke. Jula vart feira som seg hør og bør heime i Kjølsdalen på ekte tradisjonellt vis. Ikkje eit avvik ifrå tidlegare julefeiringar! Vel, det er ikkje heilt sant. Therese, som er blitt ei gift kvinne og skikkelig seriøs måtte feire jula i Oslo med Jens Marius sin familie. Makan te frekkheit spør du meg.

Eg fekk ete mi kvote med ribbe(altså pinnekjøt). Arrangert den obligatoriske julelunchen med familien på pappa si side 1. juledag. Besøkt galne tante Else m/fam. i Stryn 2. juledag. Slosting, fyll, fanteri og kjolen oppunder armane på bygdafest 3. juledag. Og ikkje minst teke del i overnattig på Alexandra ilag med sønskenbarn og bestemor. Med påfølgande spa.

Då vart saknet etter min kjære for stort. Og eg reiste nedatt til Bergen for å ynskje det nye året velkommen! Eg fekk den store opplevinga av å vere vertinne i nyttårsfeiringa. På menyen stod det kalkun, og fire middagsgjesta gjorde sitt beste for å få plass rundt eit vakkert lite bord som Jeanette (meg, red. anm.) hadde pynta i sølv kvitt og svart for anledninga! Vakkert spør du meg, men upraktisk spør du Ragnar.

Då va vi her. 2009. Alle har store forventningar til året 2009. Etter horoskopet mitt å bedømme ser ikkje det nye året til å bli so aller verst! Eg vil oppleve mykje reising på eksotiske stadar. Noko som passar meg utmerket sidan eg skal til Krakow i helga! Eg vil møte mykje spennande folk og vil ikkje minst oppleve kjærleik ved fyrste blikk i juni. "Denne personen vil ta meg med overraskande storm". Litt dumt i grunn......sidan eg allereide har møtt Ragnar.

So vi får då berre sjå ka det nye året bringe. Foreløpig har ikkje 2009 ført med seg so mykje anna enn regn her i Bergen. Men det nye i 2009 er at eg mest sannsynleg skal bli sambuar. Grunnen til at eg skriv mest sannsynleg er at det tek si tid med å finne passande stad å bu. Anten er det for dyrt, for stor trapp, for innrøykt, for dårleg plassering på badet...osv. osv. No har vi vel ikkje akkurat leita so alt for lenge etter leilighet. Men eg ve jo helst at det skal skje ganske fort. Utolmodige sjela som eg er.

2009! Bring it on!

4 kommentarer:

Mari sa...

Godt nytt år! :)
Moro med nytt kamera te jul då! Eg har aldri eigd eit speilrefleks og drive alltid og tar 100 bilder med mitt gamle Canon for å få eit som kanskje e bra..
MEN: Før eg slutta å stappe kameraene mine i fulle ølglas, kan kje eg ta meg råd te nåke dyre greier!

jeanette_s sa...

hahah....jasså, du har til vane å gjere det? Eg lika godt å putte mobila opp i øl-/vattenglas eg:)

Godt nyttår til deg og!

Anonym sa...

Mørke bilde du. Ser nesten ikkje noke

jeanette_s sa...

Synd for deg. Du får skaffe deg brille då, eller eit namn.