torsdag, februar 05, 2009

NM og brilleslange.

Då har eg herved stempelet som brilleslange! Har vore til synstest, noko eg visste eg skulle ha gjort for lenge sia. Slite jo litt med å lese nota, bøke og skilte frå lange avstandar. Så mentalt har eg strengte tatt forbreidd meg i mange år på å gå med brille. Skal ikkje gå med dei heile tida, men som ei avlastning når eg les eller når eg kjenne at augene mine er for anstrengte. So no har eg lånt med meg tre kule brillepar heim:)

Ellers er det NM i brass i helga. For fyrste gong sidan eg starta mi karriere innan korpsverda skal eg sitte på sidelinja å sjå på. IKKJE SPELE! sukk...Eg grua meg og gleda meg. Gleda meg til å sjå flinke Flesland spele det fantastiske stykket 'Endeavour'. Eit stykke som starta heilt i det stille og tek seg opp til eit klimaks som kan lette taket i Grieghallen! Trist å ha vore med fram til no, men so måtte droppe ut pga. ein dårleg nakke.

Men allikevel, eg gler meg!!!

1 kommentar:

Mari sa...

Synd du ikkje får vere med å spele då, men det e nok moro å høyre på òg! Lukke til te korpset ditt vertfall!!