laurdag, desember 05, 2009

Plan-fadder.


Små problem forsvinn som lauv i eit vindkast, når eg tek innover meg orda og bileta som kjem på skjermen under artistgallan til Plan-noreg. For berre nokon timar sidan kjende eg synd på meg sjøl- i bakrus etter ei fuktig natt på byn. No kjenne eg meg kvalm over eigne tankar og medynke. Stakkars meg som sjølv har pådrege meg haudeverk og kvalme etter sipping av raudvin og fråtsing av god mat.

Når eg ser kva dei stakkars menneska må kjempe seg gjennom kvar einaste dag. Sorgtunge auger som fortel om kampen for å få tak i det daglege brød, traumar etter å ha sett nokon av sine næraste bli tatt av dage og voldtekter. Når eg ser desse bileta får eg tårer i augene og skulle ønske eg kunne adoptere nokon av dei for å gje dei mat og kjærleik. Det er så alt for mykje hat i verda. Kvifor må mennesker skyte kvarandre? Kvifor må barn bli drept?- Folk som er uskyldige og som havnar midt opp i ueinsemder mellom dei som sit med makta i landet. Det er urettferdig. Urettferdig at nokon mennesker som har det godt legg livet til dei som er fattige i totalt ruiner.

Det er ufattelig trist. Men ein kan gjere små glimt av håp som kan hjelpe dei til ein betre kvardag. Eg skal utan tvil få meg ein fadder-unge etter å ha sett desse hjerterå bileta. Klart eg visste korleis mennesker i u-land har det. Men det er noko anna når ein ser mennesker som ein kjenner så godt ifrå Noreg ta turen til sine respektive fadder-barn. Usminka og med tårer i augekorken fortel dei om korleis dei opplevde besøket. Og slikt gjer vertfall inntrykk på meg.

Så kjære godtfolk. Bli ein plan-fadder i dag!

2 kommentarer:

Synna sa...

Har du blitt fadder no då??

jeanette_s sa...

Ska bli det sporenstreks når eg får lønn! Du og??