søndag, mars 21, 2010

Tolmod-ein dyd.Nasa rynka seg, augebryna fell ned i augene- og spørsmålsteiknet surra rundt i hovudet. Då gjeld det å ha tolmod. Vente å sjå kva som skjer. Eg er ikkje spesiellt god på det. Vil helst alt alt skal skje i mitt tempo. Tydeligvis går ikkje det.

I dag, søndag. Siste dagen av helga. Dagen etter laurdagen då eg hadde fri, sprang til Svartediken og var på innflyttingsfest. Innflyttingsfest med punsj, raud leppestift og sko med høge hela.

Søndagen har eg óg benytta til å helse på Svartediken. Deilig å springe ute i dag. Kjenne våren komme med eit friskt pust og vi kan på ny sjå bakken igjen her i Bergen.

I mellomtida venta eg.

3 kommentarer:

Mari sa...

jo, takk:) Gjekk ei stond før eg fann det ut (så eg burde nok ha droppa eit par festa i fjor...) Men terminen e vertfall satt til 17. mai, så det e berre 8 veker til. Ikkje akkurat gjennomtenkt og planlagt, men har vent meg til tanken no.

jeanette_s sa...

Oi, du har ikkje lenge igjen då:)
Guri, det blir kjekt! Men ein kan ikkje alltid planlegge sånne ting. Det som skjer, skjer.
Trur nok det finnast ein del babya der ute som har vore med på eit par for mange feste;) Trur nok ikkje dei har tatt skade av det :)

Mari sa...

Nei, det har jammen gått fort. Men eg må seie at no når det nærmar seg, så går tida plutselig seint. Rart ditta der:)
Planlegging har eg aldri vore god på, så det eg typisk meg å havne i ein skikkelig dårlig-timing-situasjon. Men alt skal nok ordne seg te slutt. Bruka å gjere d:)
Festinga kan eg ikkje gjere nåke med, nei, og man skal jammen ha uflaks viss det har virka inn på ongen. Slutta med alt som heite alkohol, ibux og cola når eg fann det ut, så eg satsar på at det har gått bra.