tysdag, april 27, 2010

Livet.

Inn i mellom traskar eg berre rundt på butikkar. Berre for å få inspirasjon til vidare kunsting.
I dag var eg innom bokhandelen. Har kikka ein del i barnebøker i det siste. For eg kunne tenke meg å kanskje skrive ei- og lage eigne illustrasjonar til.

Kom over ei bok som heiter '1000 steder å se før du dør'. Eg bladde i gjennom den og kjende på at det er på tide å reise ein eller anna plass snart. Berre for å oppleve og kjenne at ein leve. Framst i boka stod det eit flott ordtak som eg tek med meg vidare;
'Livet målast ikkje i antall åndedrag du tek, men i stadar og hendingar som tek pusten ifrå deg' Og eg kjenner på meg at det er ein filosofi eg vil leve etter. Livet er her og no. Opplev, sans, og leik med livet. For du får berre oppleve det ein gong.

Ingen kommentarer: