søndag, april 02, 2006

Aprilsnarr!


Ok, ska innrømme eg e litt fyllesjuk i dag. Sjølv om eg har lovd meg sjølv at dette ikkje ska bli ein fylleblogg.

Men, ette øl, gin, tequila og raudvin har eg gode grunnar.

Jannike var midt i fyttesjauen då vi ramla inn dørene på hybelen hennar. Midt i mellom alle kassene, kledene, skoa og jakkene, hadde ho rydda plass til oss. Vi tende stearinlysa, fyllte opp skålene med chips og smågodt. So kunne festen starte.

Etter konsumering av diverse drikkvarer, "release-party" av Odd Erik Lothe sin nye cd (broren til Siri) diskutering av mannfolk, oppringing til pappa der vi ville få bekrefta viss episodar eg og Jannike har delteke i... Fann vi ut vi skulle ta ein aprilspøk på visse utvalgte.

Valet fall på Jostein. Pappaen til Jannike.

Katrin ringte til han. Ho forklarte at mamma og pappa va på hytta, og at vi hadde ei kyr i fjøsen som skulle kalve. Bestemor som va den einaste som va igjen på garden va heilt fortvila og visste ikkje si arme råd. Derfor lurte hon på om Josten kune ta turen bort i fjøsen for å dra ut kalven.

-Joda, det skulle han gjere. Sa Jostein.

Etter vi hadde fnist oss gjennom heile tlf. samtalen kunne vi bryte HØGT ut i latter då hon hade lagt på! Hohohoho....... So mykje moro hadde vi ikkje vore med på sia krigen!

Vi ringde deretter pappa for å fortelle at no va Jostein på veg bort i fjøsen for å ta imot ein kalv. Vel, pappa vart litt rysta over oss fyllebærtene. Han synst selvfølgelig det heile va moro. Men at vi måtte ringe tilbake te stakkars Jostein som vi hadde forstyrra ein seine laurdagskveld.

Då Jannike ringde tebake til Jostein og ropte: APRILSNARR!!!!- påstod han at satt og åt middagen i all bedaglegheit....og at ditta hadde han gjennomskua for LLLeeennge sia!

Ha! Jostein! Vi VEIT du slengde på deg jakka og støvlane, og i det du skulle gå ut døra kom du plutselig på at du va rundlurt!!!!......

Gle deg te neste år! Då blir det TO kyr som ska kalve:)

2 kommentarer:

Sasi sa...

Så fine jente de è. Skal tru om de ser slik ut i dag også...:) Eg er jo kledd te ball...som vanleg *kaste på håret*

Trine sa...

Jammen like søstre! Eg har jo også vore på søstertreff i helga! Der va de litt mindre alkohol inne i bildet og litt meir prim-grising og sånt. Dåke kan jo sjekke ut bloggen til Heidi for å sjå kordan barnet hennas spise maten sin...