tysdag, april 04, 2006

Berre tre dagar att!


I dag hadde eg planar om å skrive eit seriøst innlegg på bloggen min. Men alle ideane forsvinn som dugg for sola kvar gong eg tenke at det berre e TRE dagar att til heimreise og PÅÅÅSSSKE!!!

Eg ska stå på ski(få til både høgre óg venstre svingane på telemark),ete masse påskegodt, kvikklunsj og appelsin,krangle me systrene mine, lage fettflekkar på bilen til broren min berre for å irritere han, ligge på golvet me Era og late som ég og er ein hund, diskutere me mamma og bokse med pappa, synge påskesongar ilag me bestemor (Påskemorgen slukker sorgen..), ha rølpefest me sambygdingane,knabbe godteri frå dei andre sine påskeegg,reise på hytta, dette på ski so eg får snøv opp i nasa, ÓG få besøk!!!!!!!

Akkja..... Eg gledar meg te påske!

Tre ting står i vegen:
-Forelesningar.
-jobb.
-Maling av bileter til opptaksprøve.
-Veiledning.

4 kommentarer:

Anonym sa...

kjekt med besøk i påska

Sasi sa...

Ja, liksom. Kjekt med deg på besøk?? Veit no ikkje eg..he he

Lykke te med første svigersmøte!!:)

Monica sa...

Svigersmøte!? Lukke til :D

jeanette_s sa...

hihi...ja for det e ingen som veit ken "anonym" er no:)