måndag, april 02, 2007

Mensen.


Alle dokke som har eit par finsko med høge hela veit at det kan vere ganske so smertefullt å danse ei heil natt i dei.

Og kva gjer ein ikkje for at det skal kunne vere ein smule meir behagleg. Eg har prøvd det meste. Såla, gelepute som eg fekk kjøpt på ein butikk i Bergen, og papir.

Til inga nytte.

Det mest geniale ein faktisk kan ha i "finsko frå helvete" er bind. Tjukke gode "always-ultra night" med vingar. Det hjelpe ikkje akkurat for flydyktigheitane. Beina er forsatt godt planta på jorda. Men det er mjuk og godt å gå på:)

Vel, eg hadde vertfall bind i skoa mine på bygdedansen. Mange hadde det moro på mi bekostning. Men kva gjer vel det når føtene kjennast ut som silke og ikkje som klumpfot dagen etter.

Turtelduene her i huset har tydlegvis fått ein genial idé. Ketshup i skoa det gjer susen.

Ha ha ha.... seier eg berre.

No har eg mensensko.

2 kommentarer:

Synna sa...

Ditta veit eg allt om! og e skona et nommmer for stort hjelpe de å stuffe dei me bind.. =)

Kristin sa...

Interessant. Bind er jaggu anvendelege greier.

So koseleg med masse feriebilete! Eg ha ikkje ferie før nok ein arbeidsdag er fullført, og gleda mykje! Go påske!