tysdag, april 03, 2007

Mordet på storbonden.
-Episode 2.

Dette har skjedd:
Storbonden Rolf er myrda med øks i si eiga stove, medan heile familien Sundal var til stades i hovudhuset. I kårhuset sit bestemor Kåra intetanande om kva slags bestialsk drap som har førekome på garden.
Detektiv Geir Egil Løken og blodhunden Era har tatt saka, men framleis synest den å vere uløyseleg. I eit hav av mistenkte sitt Løken kun att med lause trådar. Era har heller ikkje fått snusen i noko. Er dette ei umogleg oppgåve?




Dagen etter det bestialske drapet får familien Sundal besøk av fashion fetter og den galne tante Turid. Drapet kom ikkje som julekvelden på kjerringa for dei. Det fyrste galne tante Turid sa var "Det overraska meg ikkje at den tyrannen vart drepen. Det er mykje slagg i ein familie som denne, store verdiar(kyr) står på spel og pengar får som kjent fram det svarte i folk sitt sinn".


Familien Sundal såg ikkje noko anna råd enn å invitere den galne tante Turid og fashion fetteren inn på middag. Måltidet vart ei trykka affære. Spenninga hang i lufta og vart utløyst då tante Turid fortalde at ho hadde vore i bygda heile den siste veka for å leite etter eit passande lokale der ho og Per Eirik (komande ektemann) vil starte spa og "gledeshus". Tante Turid sa" Har dykk nokon planar med garden? Fjøsen hadde gjort seg ypperlig som hovedhus til velværesenteret". Tante Turid unnskylda seg og sa ho måtte ein tur på "gongen".


Då ho hadde vore vekke i 25. min. gjekk poshy Therese ut for å sjå etter ho. Då fekk ho til si forskrekking sjå tante Turid helle ei mystisk veske i eit vinglas medan ho manisk mumla " Mitt, mitt, mitt......."


21.06. Familien Sundal er på veg inn i stova for å sjå nyhendene på Tv2. Poshy Therese går fyrst, og snublar over liket til den utsvevande Jeanette. Liket er stivt og kaldt, og bær tydleg preg av kamp. Ein kamp for livet. Frykta breiar seg hjå dei gjenlevande i familien Sundal.
Det er på tide at detektiv Løken tek seg ein tur ut i dalen igjen............
Saka synest å balle på seg. Vil Løken komme til bunns i dette? Kvifor er den utsvevade Jeanette også rydda av vegen? Kvar vil dette bære hen? Kven blir den neste?
Forsettelse følger...................

6 kommentarer:

Trine sa...

JEANETTE!! du SA du skulle komme tilbake etter påske! faen, altså!

Synna sa...

men kem ska skrive forsettelsen no når sjølve bloggaren har blitt tatt av dage?? Å-ÅO- tante

Knut Nærum sa...

Beste påskekrimmen som er laget noen sinne! Holder på å gå på veggene mens jeg venter på fortsettelsen!

Trine sa...

Å-åo, tante! Det seie eg også!

Peder sa...

Ditte e særs spennande Jeanette. Må ha litt krim i kvardagen uti hava :)

SuperJannike sa...

mooohahaaa... kor i helvete e episode tre??? e dokke blitt tatt av dage heile gjengen eller??