laurdag, april 07, 2007

Påska 2007.

Sjølv om veiret har vore til å klage på, har påska, som no ufatteleg snart er over vore like fabelaktig som alltid!

Vi har ete vår kvote med appelsine, påskegodt, kvikklunsj og ikkje minst vore til Stryn på hytta; den tradisjonelle familieturen. Det har regna, snøva, hagla vore opplett og strålande sol om kvarandre. Kanskje berre på pur faenskap. Kven veit?

Uansett, dagen i dag slo alle dei andre dagane. Sjølv om dagen då vi var på spa på Alexandra og Karpe Diem konserten var strålandes! I dag har vi leika oss i pudderet:) Det var eit sinnsjukt bra føre, og vi hadde nesten bakken heilt for oss sjølve dei fyrste timane.

Eg har berre ein ting å seie! Eg elskar pudder!!!!!!! Og kan ikkje vente med å puddre atter ein gong:)!

Til dokke som venta på påskekrimen! Han kjem snart. Mest truleg i kveld. Grunna hyttetur, og at eg har vore ganske travelt oppteken, so seie det seg sjølv at varene ikkje alltid kan bli levert i tide.



Katrin i djup konsentrasjon
Katrin finn akebrett
Jens Marius er berre seg sjølv.....;)
Hytta vår til høgre.
Speling og raudvinsdrikking om kvelden.

Ingen kommentarer: