tysdag, oktober 28, 2008

Trøtt i trynet.


Kunne ønske energi kunne kjøpast på boks. Helst på Rimi, Rema eller Ica. Hadde vore greit om ein kunne kjøpe den på apoteket og altså. Berre det hjalp.

Kombinasjonen av mykje jobbing, regn som kjem sidelengs og piska seg inn i alle krinka og kroka på kroppen, mørkt frå morgon til kveld og øving på kornetten til leppene ikkje lenger har leppeform gjev utslag i totalt utmattelse. Merkeleg nok.

Ikkje blir eg berre utmatta. Men til tider om morgonen når eg motvillig krabba ut av den varme armkroken til min kjære, over golvet for å hente badekåpa og stille meg framfor badespegelen, so både ser det ut og kjennast det ut som om ein neandertalar har brukt heile natta på å slå meg i hovudet med ei treklubbe. Eg slepe meg over festplassen på jobb. Ikkje kan eg skjønne kvifor dei kallar det "festplass". Eg ser ingen fest der. Har heller ikkje lyst te å bli med på fest.

Etter å ha ekspidert dei fyrste kundane, drukke min fyrste kopp med kaffi kan eg så vidt kjenne dei fyrste teikna på at kroppen gjev microskopiske teinkn til å vakne. Og no, sånn ca. halv ti på kvelden kan eg kjenne at den faktisk har vakna. Men kjenne eg alt for lenge etter so er den på veg til å visne vekk at og bli klar til å besøke senga att.

Sånn går no dagane. God natt!

2 kommentarer:

Mari sa...

Godt å høyre at det ikkje bare e meg som har d sonn:) Tongt å komme seg opp om dagane og i dag va d ekstra kjipt. Det snør.. Eller det kan kje kallast snø heller. Det sludda. Og det kjem som et sjokk på oslo-folka kvart år. Bilane sklir rondt på slitte sommardekk...

jeanette_s sa...

haha....eg ler meg i hel av byfolk. Dei veit jo at det snart e vinter, og at det som oftast då kjeme snøv. Men et kjem jammen som julekvelden på kjerringa kvar gong. Dei skulle ha prøvd å køyre i gatene i Måløy på vinterstid. DET e texas det:)